|
Fyresdal kommune held på med fleire spanande prosjekt, slik som auking av økologiske/lokale varer i kommunal sektor, auka økologisk produksjon, miljømerking av fisk i Fyresvatn og Tur/Retur Førsdal 29.09.09 – 02.10.09, opplys prosjektleiar Monica Sølyst
.
Tur/Retur Førsdal var eit samarbeid mellom Fyresdal kommune og Gimle skule der vi gjekk saman om ei veke der miljøundervisning stod i fokus. Andre samarbeidspartnarar var Fyresdal Videregående Steinerskule og den ideelle organisasjonen Change the World. Fylkesmannen i Telemark har ga oss økonomisk støtte til arrangementet.
Namnet valde prosjektgruppa som eit symbol for hausting og resirkulering. Det skulle vise litt av den økologiske krinslaupen og fortelje at vi har utruleg mange matprodukt i Fyresdal som er produsert i pakt med naturen. Dersom ein skal snu eller skape ein trend er det viktig å byrje med borna. Dei er framtida og det er viktig å lære dei å forvalte naturen og ressursane på ein berekraftig måte.
Føremålet med Tur/Retur Førsdal var fokus på miljø og berekraft. Prosjektet fokuserte på tre element: energi, resirkulering og økologisk/lokal produksjon. Tur/Retur Førsdal var ein framtidsverkstad for elevane på alle trinn på Gimle skule. Tysdag, onsdag og torsdag var elevane delt inn trinnvis og var med på ulike aktivitetar.
Ei flott reportasje frå veka finn du her:
http://www.vtb.no/artikkel/4407/Byter%20ut%20potetgull%20med%20turka%20eple/
Fredag 02.10.09 hadde vi eit kjempe arragement i Folkestadbyen (sentrum) der elevar, foreldre og tilreisande fekk servert lokal lunsj og fekk sjå praktiske resultat presentert av elevane. Rundt 400 stykk var samla i sentrum denne fantastiske haustdagen, då dei lokale matprodusentane hadde duka til festbord med økologiske og lokale varer. Elles på programmet stod musefellebilrace, oppsending av varmluftballong og energikamp mellom elevane på ungdomsskulen. Elevane visa og fram resirkulert papir dei hadde laga sjølv, heile byar laga av bruka mjølkekartongar og anna ”søppel”, vindmøller og fossekallar.
Veka var lærerik og morosam og vil moglegvis bli eit årleg innslag.
|